Kurs- Universell utforming

Miljødirektoratet ønskjer tilbod på kurs/opplæring i universell utforming (UU) for medarbeidarar som jobbar med utvikling av digitale tenester. Formål: Opplæringa skal bidra til auka kompetanse og forståing av universell utforming i ulike faggrupper, særleg for produkteigarar og utviklarar. Me ønskjer gjerne at leverandøren kjem med forslag til format og innhald. Ved behov kan nokre kandidatar bli inviterte til intervju. Intervjuet skal vere med den tilbydde kurshaldaren. Me ønskjer at opplæringa: Er mest mogleg relevant for arbeidet med digitale tenester i Miljødirektoratet. Gjev deltakarane råd, metodar og erfaringar som kan takast i bruk i det daglege arbeidet. Kombinerer relevant teori med konkrete og praktiske døme. Kan gjennomførast digitalt og som ein del av eksisterande arenaer og møtepunkt, til dømes produktleiarnettverk, utviklarsamlingar eller tilsvarande. Opplæringsmateriellet er gjenbrukbart og kan gjerast digitalt tilgjengeleg for Miljødirektoratet i etterkant av opplæringa. Har ein engasjerande og erfaren kurshaldar/førelesar. Byggjer på erfaring frå arbeid med universell utforming i offentleg sektor.


Dokumenter lastes laster data

Logg inn

Ved å logge inn får du mulighet for å følge konkurransene, slik at du får varsel ved oppdateringer.

Frister

Spørsmålsfrist 18/09/2026, 12:00
Tilbudsfrist 25/09/2026, 12:00